onsdag 27. april 2011

Reisebrev frå unge talentmusikarar i Brasil

Sidan vi skiltest i Førde i fjor sommar, har vi gleda oss til Brasil. Forventningane til denne turen har vore som ei kiling i magen gjennom heile året, skriv tre unge folkemusikarar som har vore i Brasil som ein del av TALENT-prosjektet.


Talent er eit samarbeid mellom Førdefestivalen og Rikskonsertane med stønad frå Utanriksdepartementet. Prosjektet har blitt arrangert kvart år sidan 1995. Gjennom Talent-prosjektet møtest tre musikarar i alderen 18-25 frå tre land – eitt av dei er Noreg - lever tett på kvarandre ei veke under Førdefestivalen og skapar musikk saman under rettleiing av to kunstarlege leiarar. Eit halvt år seinare møtest dei att i eitt av dei andre landa som er med i prosjektet.
Gjennom å arbeide saman på tvers av musikalske, språklege og andre kulturelle grenser, er eit av måla at dei unge musikarane skal utvikle seg både musikalsk og menneskeleg. I 2010 var dei unge talenta frå Noreg, Kapp Verde og Brasil.

I påska møttest musikarane att – i Brasil. Les heile reisebrevet her:








Samspel, utveksling av kunnskap - og venskap!
Her: Douglas Marcolino og Hilde Fjerdingøy.
Foto: Hilde Bjørkum/Førdefestivalen


Reisebrev frå Niteroi, Brasil
Sidan vi skiltest i Førde, har vi gleda oss til Brasil. Forventningane til denne turen har vore som ei kiling i magen gjennom heile året. Ein har høyrd så mykje positivt om Brasil, om musikken og folkelivet. Alle vi snakkar med, vil vere med. Det kjennest som å finne gull, rett og slett. Me er utruleg heldige som har fått denne sjansen. I månadane som har gått sidan vi møttest sist, har me stadig hatt kontakt med dei andre talenta via nett, og vi har prata mykje om kor godt det skal bli å sjåast att. Plutseleg er det verkeleg. Plutseleg er det no. Me står på flyplassen i Rio og blir ynskt varmt velkomen av kunstnarleg leiar Celio de Carvalho, kona hans Lydia og Talent-deltakar Thales Milton Barbosa da Silva, som nettopp har komme frå Maceio, nordaust i Brasil.

Me budde på eit sjarmerande hotell i Niteroi, ein såkalla småby utanfor Rio. Kun 1 million innbyggarar. Her hadde vi vårt vesle paradis, med øving på bassengkanten og måltid med utsikt til hav og fjell. I to dagar sat me utanfor hotellet og tok opp att dei gamle låtane, øvde inn nye ting, utveksla ny musikk, fann tilbake og utvikla kjemien og samspelet.


Så byrja programmet Celio hadde lagt for oss. Besøk i favelaen, SESC, innspeling i studio, strandliv, jazzklubb, konsert på eit Oscar Niemeyer-museum, “safari” (500 meter med eksotiske opplevingar for oss, vanleg spasertur for brasilianarane) sambaklubb, og allsong på bussen i dei mange trafikkkorkane.
Gjenforeininga med brasilianarane var like god som me trudde. Språkbarrieren har blitt mindre sidan sist. Både fordi me kjenner kvarandre betre, og fordi vi faktisk har lært oss litt språk på kvar vår kant.










Kjekt å møtast att! Foto: Hilde Bjørkum / Førdefestivalen


Med stor vilje kan ein få mange gode samtaler ut av eit lite ordforråd. Alle har fått brasilianske namn, og samtalene går på ei herleg blanding av engelsk, portugisisk, fransk og teiknspråk. Ikkje minst teiknspråk. Kulturforskjellane er ikkje like store som i Førde. Fordi vi har vore i begge landa, har vi fått større forståing for kvarandre sin kultur, og sett at det ikkje er så forskjellig som det først kan virke.
Då vi byrja å spele dei gamle låtane, fann vi tilbake til det vi hadde i sommar. Eit livfullt samspel både musikalsk og menneskeleg. Noko av det mest verdifulle med prosjektet har vore å lære av kvarandre. Vi har brukt mykje tid på utveksling av låtar, utforsking av rytmar, harmoniar, melodiar og stilelement. Alle kan lære av kvarandre. Musikken bryt språkbarrierar og gir auka forståing. Ein lærer seg å tenkje annleis. Vi opplever at brasilianarane har eit anna forhold til det å spele. Dei er meir spontane, improviserer mykje. Dette har smitta over på oss. At vi brukte ein dag i studio var viktig for den kommande konserten, vi fekk tydelegare roller og arrangementa fekk fastare former, samtidig som me har halde på den fridomen at ein kan finne på ting undervegs.

I samba-land, der kan alt gå an. Ein veit aldri heilt kva som ventar bak neste sving når ein er i Brasil. Eit eksempel på dette er vårt besøk i favelaen. Vi skulle møte nordmenn som jobba med musikkundervisning for barn og unge. I bilen dit var me litt nervøse, i og med at taxisjåførane våre måtte overtalast til å køyre inn i eit så kriminelt belasta område. Då vi kom dit, visste vi ikkje heilt kva som skulle skje. Vi hadde tilfeldigvis tatt med oss instrument, og plutseleg stod me der og heldt konsert for elevane.

Første dagen fann me ut at me skulle gå ein liten tur, som for oss enda opp med å bli ein safari. Det første som skjedde var at ein silkeapefamilie kom springande mot oss på strømnettet og såg på oss med dårande auge og nydelege, små kvite andlet. Vidare på vår ferd såg me ein salamander, gribbar, kokosnøtter og banantre. Så kom me ut på pynten og så utsikten. Og herregud, for ein vakker utsikt. Vi var komen til paradis. Ei strand med rullande bølgjer, tåkelagte fjelltoppar, det spisse fjellet som liknar ein kremtopp og langt over tåka, statuen av Jesus Krist som vaktar over Rio.



Gode vener! Foto: Hilde Bjørkum/Førdefestivalen


Vi har hatt mange spesielle augneblink. I samspel, på konsertar, i møte med engasjerte musikkelevar på skulen SESC og på sambaklubb i månelys den siste kvelden. Dette har vore ei intens og fantastisk veke med opplevingar og lærdom vi vil bere med oss livet ut. Vi gler oss til å møtast att. Og vi er utruleg takknemlege for at vi fekk vere ein del av dette prosjektet, og alle dei fine menneska vi har møtt på vegen.

Helsing
Hilde Fjerdingøy, Erlend Apneseth og Ingebjørg L. Reinholdt