torsdag 15. juli 2010

Festivalen i media

Det har vore mykje god omtale av festivalen i media, og blitt laga mange gode intervju. Eit lengre intervju med leiaren for organisasjonen Freemuse, Ole Reitov, intervju med festivaldirektør Hilde Bjørkum og to andre reportasjar finn du på www.ballade.no

Kulturredaktøren i Bergens Tidende har vore både på Førdekonferansen og festivalen, og har kåra Førdefestivalen til eit under... Medan urbanist Erling Fossen meiner fornyinga i folkemusikken skjer i byen.

søndag 11. juli 2010

Så var det slutt...

På Facebook ligg det mange flotte bileter og kommentarar frå konsertar og arrangement - logg dykk inn og del med oss - idag let vi bileta få snakke. Og hugs veke 27 i 2011, 2012, 2013 osv.








(foto: Anne Margrete Alværn)

lørdag 10. juli 2010

Høgdepunkt


har det vore mange av idag. For mange er paraden det, andre har fått eit minne for livet etter ein konsert. Over 200 menneske fekk det då dei høyrde polske Kroke og norsk Tindra i samspel og samsang. Uendeleg vakkert. Publikum røyste seg spontant og gav trampeklapp, og det blei eit ekstranummer. Dette er kjerna i Førdefestivalen - opplevingar for livet (foto: Anne Margrete Alværn)

Strålande medieomtale

Presseklippa frå festivalen haglar inn, og sjølvsagt er det mykje fokus på dronninga og barna som møtte henne i Førde. Dronning Sonja var også innom Bondens Marked, og det får spalteplass i Bondebladet. Både lokalavisa Firda og NRK Sogn og Fjordane har lagt ut mange nydlege bileter på nettsidene! Talenta imponerer oss alle, Helgeland Arbeiderblad omtalar Hilde som imponerte dronninga. Musikkbladet Ballade er også på plass i Førde og formidlar kva som er oppgåve til festivalen... I tillegg har me over 50 andre presseklipp frå nasjonale og lokale media, i tillegg til alle bileter som blir lagt ut av publikum på Facebook. For de som ikkje er her, merk veke 27 neste år.

fredag 9. juli 2010

Takk til alle ungane!








Det var mange ungar med flagg i Førde idag, og me trur både Dronninga og andre oppmøtte på Førde Torg var veldig glade for det! Og tenk å få levert blomsterbuketten av ein kar som dansa den til deg, sprekt levert av Bjørn Are Drageseth frå Jølster - seinare hoppa/dansa han seg opp på scena (foto: AM: Alværn, Liv-Judith Straume).

Førdekonferansen...

blei avslutta idag. Debattleiar og forskar Georg Arnestad er blitt intervjua av Nationen i samband med konferansen, og uttalte at kultur ikkje vil redde distrikta. Han fleskar til mot kultur-naivistane, melder avisa. Meir om konferansen finn de m.a. på nettstaden Ballade. På biletet f.v.: Arnfinn Bjerkestrand (Kulturrådet), Hallgrim Hansegård (Frikar), Evangenia Egorova (Pikene på Broen), Tom Remlov (Den norske opera og ballett) og samtaleleiar Georg Arnestad. (Foto: Anne Margrete Alværn)

torsdag 8. juli 2010

Norgespremiere!

Utstillinga Tracing freedom opna på Festplassen i Førde idag. Mange interreserte møtte opp for å sjå Tom Hatlestads unike fotoprosjekt. (foto: Geir Birkeland)

onsdag 7. juli 2010

Spanande sceneproduksjon

Førdefestivalen legg vekt å ha profesjonell sceneproduksjon, og skal bruke lyd, lys og ulike effektar for å gjere opningskonserten best mogeleg. Som bileta viser blir det brukt tre store skjermar under dei store konsertane, og på desse blir det m.a. vist små filmsnuttar som introduksjon til dei ulike artistane.

Produsent for store konsertar i Førdehuset er Erlend Hagen. Konfransier på opningskonserten torsdag er Herborg Bryn, journalist og tidlegare kanalsjef i NRK P2. På bileta ser vi i det fjerne Erlend Hagen og Herborg Bryn, samt direktør for Norsk opera og ballett, Tom Remlov. Han er i Førde i samband med Førdekonferansen
(foto: Anne Margrete Alværn)

25meter fridom

Fotograf Tom Hatlestad har vore på sporet av fridom, møtt meir enn 100 menneske på ei reise i to kontinent. Utstillinga opnar torsdag 8.juli kl. 1130 av den ikkje heilt ukjende fotografen Oddleif Apneseth, frå Jølster.

Viss du ikkje er i Førde kan du sjå utstillinga i Oslo i august. Tracing Freedom er eit samarbeid med Nobel Fredsenter.
(foto: Øyvind Høstaker)

tirsdag 6. juli 2010

Alle detaljar må på plass

Det er fleire hundre menneske som direkte eller indirekte medverkar til at Førdefestivalen blir ein realitet. Tida før opninga er hektisk, men som på alle dugnader er fellesskapet viktig...


(foto: Anne Margrete Alværn)
Barneteikningar til forestillinga I Berget det blå, koordinering av telefonnummer og diskusjon med Førdehuset om kva-som-skal-stå-kvar (på bileta ser du m.a. Torill G.Faleide, Øyvind Høstaker, Gro Rukan - alle for Førdefestivalen, Liv-Judit Straume - Førdehuset)

mandag 5. juli 2010

Då VG kom til bygda

Når Førdefestivalen 2010 er ferdig har dronninga Sonja vitja oss to gongar, 2004 og iår. VG har besøkt festivalen ein gong. Då kom dei i helikopter og tok bilete av ein hage og noko til...

Omtale for einkvar pris?
Som alle andre 999 festivalar i dette land ynskjer me medieomtale. Det kan gi oss merksemd som igjen kan gi oss fleire gjester. Eg får seie - heldigvis treng ikkje me "selje oss" for ein kvar pris; Festivalen har eit nøkternt budsjett som stort sett alltid har eit lite overskot, og ja, me får statsstøtte. Me har mange faste gjester, men både artistane, opplevingane, publikum og Førde fortener merksemd i media, på linje med andre festivalar og kulturopplevingar.

Frå Roskilde til Førde
Ein informasjonsmedarbeidar må ringje rundt til redaksjonar for å marknadsføre festivalen. Eg veit på førehand kva svaret blir: Klassekampen og Nationen har ikkje råd - i år heller, garantert ikkje Dagbladet - dessutan er det visst lengre til Førde enn Danmark. Bergens Tidende har lært av festspela og tek kultur på alvor, dei treng inga påminning.

Men ifjor slo det ned ei bombe: Kulturredaktør Mode Steinkjer i Dagsavisen hadde oppdaga festivalen og meinte den var nyskapande og viktig. Diverre kolliderte den med Roskilde. Iår er redaktør Steinkjer på Roskilde igjen - og skriv lørdag at "Paradokset er at det er verdensmusikken som så langt har skapt de største øyeblikkene på denne rockefestivalen" - då seier me i Førdefestivalen - det var det me visste... På rockefestivalen i Danmark fekk han oppleve brassbandet Boban i Marko Markovic Orkestar, som spelar i Førde på lørdag...

Annbjørg Lien, Rybak og Frikar
Det må også seiast, med Sigrid Moldestad, String Sisters (med m.a. Annbjørg Lien), Alexander Rybak og Frikar, Majorstuen og Valkyrien Allstars (slager i 2008) har også omgrepet folkemusikk endra seg, for folk flest. Og det sel fleire aviser.

Kva med VG?
Kan hende er eg dårleg til å selje musikk og kultur, kan hende burde eg gjere som mange av mine kollegaer, vere litt meir på sex and drugs and rockn'roll - alt du ikkje får på Førdefestivalen - med eitt unntak;

Lurer du på kvifor VG kom til bygda? Eit par "hadde seg" i ei huske i ein hage i Førde, og mannen var skotsk...

- Anne Margrete Alværn, infomedarbeidar Førdefestivalen -

Filmsnuttar på YouTube

I 2009 laga FeberFoto film frå Førdefestivalen, den er på vel 9 minutt. Vi har no delt den opp i mindre sekvensar på rundt eit minutt. Sjå dei fantastiske bileta av munkane på Hafstadfjellet og over til FRIKARs danseshow, til neste filmsnutt på YouTube som viser folkelivet i sentrum

fredag 2. juli 2010

300 frivillige og 5 tilsette

Førdefestivalen har 5 tilsette, 300 frivillige og nokre innleigde ekstrahjelper når det nærmar seg Festival, som alltid er i veke 27. Nokre av oss skal blogge, mest før og under festivalen i juli. I hovudsak er det kommunikasjonssjef Torill G. Faleide, og "sesonghjelp" Anne Margrete Alværn frå Mediekameratane, som vil dele historier og bileter frå livet bak scena og arrangementa. Vi starta bloggen med ein artikkel frå Festivalavisa, om kva dei tilsette gjer resten av året...

FOTOTEKST:
I tillegg til festivaldirektør Hilde Bjørkum (t.v.) kan du på bloggen også møte dei tilsette på festivalkontoret: Arrangementssjef Sølvi Lien, kommunikasjonssjef Torill G. Faleide, produsent Gro Rukan (Vikar for Arngunn Timenes Bell) og kontormedarbeidar Fride Haugen (foto Bent Are Iversen)

FESTIVAL - ÅRET RUNDT
- Kva gjer du på resten av året, når det ikkje er festival? Dette spørsmålet har direktør Hilde Bjørkum fått fleire gongar.

- Eg må nesten trekkje litt på smilebandet, ler Bjørkum. Å planlegge ein festival som dette er faktisk ein heilårsjobb, og ikkje berre for ein person! Her på festivalkontoret er vi fem fast tilsette som arbeider med festivalen gjennom heile året. Vi har ein allsidig jobb med mange spennande arbeidsoppgåver, og brukar mellom anna tid på å leite etter nye artistar og marknadsføre festivalen på musikkmesser over heile Europa. Så brukar vi mykje tid på å leggje program, gjere avtalar med artistar, arenaer og sponsorar, gje informasjon, og mykje meir. Dessutan har vi også litt festival heile året – gjennom FolkJazzScena arrangerer vi konsertar i heile fylket, ofte i samarbeid med lokale arrangørar.

I tillegg til Hilde kan du også møte desse i bloggen, for dei er tilsette på festivalkontoret, heile året :-)

OVER 300 FRIVILLIGE!
Kvart år stiller det opp over 300 frivillige for å hjelpe til med avviklinga av festivalen. Oppgåvene er mange, og omfattande. Likevel er det ein unik sjanse til å oppleve festivalen frå innsida, og bli kjend med artistane.

Frivillige arbeider mellom anna som artistkontaktar, som informasjonsfunksjonærar i artistservice, som sjåførar, som arenaansvarlege, som scene- og riggemannskap, med billettsal og informasjon på festivalkontoret, som kjøkkenpersonale på funksjonær- og artistkjøkken, og i salsboder.

- Vi er berre utruleg takksame for at så mange stiller opp! Utan dei frivillige hadde det vore umogleg å gjennomføre festivalen, seier arrangementssjef Sølvi Lien.