tirsdag 17. mai 2011

UNESCO heider til unge musikarar!

Vi får stadig gledelege meldingar på festivalkontoret, men det er ikkje kvar dag vi vinn internasjonale prisar! I alle høve ikkje UNESCO-prisar. Men tidlegi vår nådde altså bodskapen oss at Talent 2008 var tildelt UNESCO sin pris for “Young artist for intercultural dialogue between the Arab and Western worlds“. Rett skal vere rett. Det er musikarane i Talent 2008 som kan smykke seg med den ærefulle tittelen, men det er vel naturleg at både Førdefestivalen og Rikskonsertane kjenner seg stolte over dette dialogprosjektet som har vore fast innslag på festivalen sidan 1995. Vi syns difor det var heilt naturleg å vere med til Paris og følgje prisutdelinga på nært hald.


Prestisjefull seremoni
Timeplanen for onsdag 13. april var tett i utgangspunktet, mellom anna med innlagde prøver for musikarar på veg frå Egypt, Kairo og Norge i forkant av seremonien som skulle starte kl. 18.30. Men, når franske drosjesjåførar set oss av ved feil UNESCO-inngang (ja, dei har TO inngangar, må vite!), går verdifull tid tapt. Musikarane enda opp med å få 20 minutt med oppvarming av stemmer og instrument før salen tok til å fyllast opp med andre spente prisvinnarar – og ambassadefolk frå nær og fjern!
Det var ein prestisjefull seremoni. Generaldirektør i Unesco, Irina Bokova, stod sjølv for utdelinga av diplom til 20 stolte utøvarar. Ved sidan av Talent 2008 var det ein italiensk filmskapar, ein palestinsk-amerikansk dramatikar, ein 18-årig fransk-algirsk forfattar, ein nederlansk komponist/musikar (sjå komplett namneliste her) som fekk sine diplom. Talent 2008 fekk æra av å avslutte seremonien, og musikkinnslaget gjorde stort inntrykk både på generaldirektøren og alle andre som var til stades.

Eit unikt prosjekt

Som sagt er det dei unge musikarane i Talent 2008 har fått UNESCO-tittel, men vi nytta sjølvsagt høvet til å nemne at festivalen og Rikskonsertane sitt talentprosjekt går heilt tilbake til 1995, og at det kvart år omfattar ni unge musikarar frå tre ulike land (Norge er alltid med). Totalt har altså over 150 unge musikarar vore talent på Førdefestivalen, og fått oppleve korleis folkemusikk og kultur skapar dialog når vi elles ikkje forstår kvarandre sine språk. Dette er eit prosjekt i UNESCO si ånd, som dei gjerne ville vite meir om..



Namna på deltakarane i Talent 2008:
Ingebjørg Bratland, Ingrid Schei Stuhaug, Julie Alapnes Normann, Suhail Nassar, Mira Azar, Majd Shanin, Hind Ali, Ahmed Amer og Rami Mohammed Shamrokh.

Her er dei i aksjon på Unesco-prisutdelinga!