fredag 2. juli 2010

300 frivillige og 5 tilsette

Førdefestivalen har 5 tilsette, 300 frivillige og nokre innleigde ekstrahjelper når det nærmar seg Festival, som alltid er i veke 27. Nokre av oss skal blogge, mest før og under festivalen i juli. I hovudsak er det kommunikasjonssjef Torill G. Faleide, og "sesonghjelp" Anne Margrete Alværn frå Mediekameratane, som vil dele historier og bileter frå livet bak scena og arrangementa. Vi starta bloggen med ein artikkel frå Festivalavisa, om kva dei tilsette gjer resten av året...

FOTOTEKST:
I tillegg til festivaldirektør Hilde Bjørkum (t.v.) kan du på bloggen også møte dei tilsette på festivalkontoret: Arrangementssjef Sølvi Lien, kommunikasjonssjef Torill G. Faleide, produsent Gro Rukan (Vikar for Arngunn Timenes Bell) og kontormedarbeidar Fride Haugen (foto Bent Are Iversen)

FESTIVAL - ÅRET RUNDT
- Kva gjer du på resten av året, når det ikkje er festival? Dette spørsmålet har direktør Hilde Bjørkum fått fleire gongar.

- Eg må nesten trekkje litt på smilebandet, ler Bjørkum. Å planlegge ein festival som dette er faktisk ein heilårsjobb, og ikkje berre for ein person! Her på festivalkontoret er vi fem fast tilsette som arbeider med festivalen gjennom heile året. Vi har ein allsidig jobb med mange spennande arbeidsoppgåver, og brukar mellom anna tid på å leite etter nye artistar og marknadsføre festivalen på musikkmesser over heile Europa. Så brukar vi mykje tid på å leggje program, gjere avtalar med artistar, arenaer og sponsorar, gje informasjon, og mykje meir. Dessutan har vi også litt festival heile året – gjennom FolkJazzScena arrangerer vi konsertar i heile fylket, ofte i samarbeid med lokale arrangørar.

I tillegg til Hilde kan du også møte desse i bloggen, for dei er tilsette på festivalkontoret, heile året :-)

OVER 300 FRIVILLIGE!
Kvart år stiller det opp over 300 frivillige for å hjelpe til med avviklinga av festivalen. Oppgåvene er mange, og omfattande. Likevel er det ein unik sjanse til å oppleve festivalen frå innsida, og bli kjend med artistane.

Frivillige arbeider mellom anna som artistkontaktar, som informasjonsfunksjonærar i artistservice, som sjåførar, som arenaansvarlege, som scene- og riggemannskap, med billettsal og informasjon på festivalkontoret, som kjøkkenpersonale på funksjonær- og artistkjøkken, og i salsboder.

- Vi er berre utruleg takksame for at så mange stiller opp! Utan dei frivillige hadde det vore umogleg å gjennomføre festivalen, seier arrangementssjef Sølvi Lien.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar