mandag 5. juli 2010

Då VG kom til bygda

Når Førdefestivalen 2010 er ferdig har dronninga Sonja vitja oss to gongar, 2004 og iår. VG har besøkt festivalen ein gong. Då kom dei i helikopter og tok bilete av ein hage og noko til...

Omtale for einkvar pris?
Som alle andre 999 festivalar i dette land ynskjer me medieomtale. Det kan gi oss merksemd som igjen kan gi oss fleire gjester. Eg får seie - heldigvis treng ikkje me "selje oss" for ein kvar pris; Festivalen har eit nøkternt budsjett som stort sett alltid har eit lite overskot, og ja, me får statsstøtte. Me har mange faste gjester, men både artistane, opplevingane, publikum og Førde fortener merksemd i media, på linje med andre festivalar og kulturopplevingar.

Frå Roskilde til Førde
Ein informasjonsmedarbeidar må ringje rundt til redaksjonar for å marknadsføre festivalen. Eg veit på førehand kva svaret blir: Klassekampen og Nationen har ikkje råd - i år heller, garantert ikkje Dagbladet - dessutan er det visst lengre til Førde enn Danmark. Bergens Tidende har lært av festspela og tek kultur på alvor, dei treng inga påminning.

Men ifjor slo det ned ei bombe: Kulturredaktør Mode Steinkjer i Dagsavisen hadde oppdaga festivalen og meinte den var nyskapande og viktig. Diverre kolliderte den med Roskilde. Iår er redaktør Steinkjer på Roskilde igjen - og skriv lørdag at "Paradokset er at det er verdensmusikken som så langt har skapt de største øyeblikkene på denne rockefestivalen" - då seier me i Førdefestivalen - det var det me visste... På rockefestivalen i Danmark fekk han oppleve brassbandet Boban i Marko Markovic Orkestar, som spelar i Førde på lørdag...

Annbjørg Lien, Rybak og Frikar
Det må også seiast, med Sigrid Moldestad, String Sisters (med m.a. Annbjørg Lien), Alexander Rybak og Frikar, Majorstuen og Valkyrien Allstars (slager i 2008) har også omgrepet folkemusikk endra seg, for folk flest. Og det sel fleire aviser.

Kva med VG?
Kan hende er eg dårleg til å selje musikk og kultur, kan hende burde eg gjere som mange av mine kollegaer, vere litt meir på sex and drugs and rockn'roll - alt du ikkje får på Førdefestivalen - med eitt unntak;

Lurer du på kvifor VG kom til bygda? Eit par "hadde seg" i ei huske i ein hage i Førde, og mannen var skotsk...

- Anne Margrete Alværn, infomedarbeidar Førdefestivalen -

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar