mandag 27. juni 2011

Siste-måndag-før-måndag-før-festivalen (SMFMFF)

Eit festivalår har mange merkedagar. Siste- måndag-før-måndag-før-festivalen er ein av dei; SMFMFF. I år er det måndag 27. juni; altså i dag.

Det som skjer SMFMFF er at festivalkontoret blir delt i to "avdelingar": ein administrasjon som enno blir verande oppe i vanlege lokale, og eitt billettkontor nede i peisestova i Førdehuset. Ja, det heiter peisestova, og det er peis der, men helga før SMFMF blir peisestova ombygd til eit proft billettkontor med fleire rom og ein skranke der våre frivillige medarbeidarar har første kveld med opplæring; på SMFMFF!

SMFMFF er dagen Fride, som er ansvarleg for festivalen sitt billettkontoret i peisestova, har planlagt i detalj i lang tid, men som for oss andre alltid kjem litt brått på. Litt som julafta.. Men altså i juni! Fride har gjort avtalar; med Ronny på ADCom Fjord Data om installasjon av alle pcar som skal i sving. YIT som koplar om telefonane våre. Vaktmeistrane på Førdehuset om skranken som skal på plass. Ho sjølv har trilla på kontormaskiner, kontormøblar og bankterminalar.


Sjefen sjølv, Hilde, har hatt eit slags mediegjennombrot i helga: Først sommarportrett i Firda laurdag, og søndag kom berrføtt-direktøren over to sider i Bergens Tidende, og no i dag, på sjølvaste SMFMFF, vart ho intervjua av spansk radio! Utover det går ho berre å ventar på at vi andre skal bli ferdige med alt vi skal gjere, for som ho seier: Eg er no eigentleg klar til festival!


SMFMFF er dagen for å få på plass det STORE banneret på veggen på Førdehuset (sjå foto), innta den første lunsjen på festivalkjøkenet nede i kjellaren, gjere klar banner som skal ut og pynte gatene, bestille dei absolutt siste trykksakene, sende ut siste informasjon til alle artistane, med mykje meir.

For Arngunn og Hilde betyr SMFMFF i år å delta på fellesøving for den store konserten Brass & Boge (søndag 10. juli)! I skrivande stund er nemleg Jølster Musikklag og Indre Sunnfjord Spelemannslag i full gang i Storsalen her i Førdehuset. Dit skal eg også no, for å ta eit par foto.. og suge inn litt festivalstemning. Ryktet har nemleg nådd meg at folkemusikk arrangert for brass og boge blir rett så vakkert!

Oppsummert:
SMFMFF er dagen då det går opp for festivalstaben at det faktisk er like før! SMFMFF er dagen då vi kjenner litt ekstra puls fordi det framleis kokar litt av detaljar som skal på plass, men mest av alt kjenner ei sitrande glede over at det berre er dagar til vi for 22. gong skal ønskje verda velkommen til Førde - i år til Women’s World!


Torill Faleide
kommunikasjonssjef, Førdefestivalen




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar