onsdag 13. juli 2011

Møtet med Liu Fang - formidla på kinesisk


Liu Fang. Foto: Førdefestivalen/Geir Birkeland
 Min Qiong Lin Andenæs har skrive på sitt morsmål om møtet med Liu Fang. Her er først den norske versjonen:


Før konserten. Foto:
Min Andenæs
Det har vore ei oppleving for livet å få vere artistkontakt for kinesiske Liu Fang ved årets Førdefestival. Dei siste dagane har eg lært mykje om tradisjonell kinesisk musikk framført på Pipa og Guzheng og høyrt mykje anna spanande tradisjonell musikk frå andre land.

Liu Fang understreka for meg fleire gonger at musikk handlar like mykje om sjel og innleving som teknikk. Som ein konsekvens av dette har Liu Fang vald eit, etter norsk standard, asketisk liv utan t.d. TV og mobiltelefon for å kunne konsentrere seg heil og fullt om musikken sin. I lys av dette, vart eg svært positivt overraska over den interessa nordmenn viste for hennar klassiske kinesisk musikk.


Foto: Min Andenæs
Etter Liu Fang sin konsert stod folk i kø for å kjøpe hennar CD og venta lenge for å kunne snakke med ho – mange med tårer i auga etter å ha blitt bergtatt av hennar vakre musikk. Som kinesar og førdianar, føler meg utroleg stolt av å oppleve Liu Fang sin fantastiske musikk og interessa og anerkjenninga ho fekk frå eit svært musikkinteressert publikum.

Vidare har eg gjennom denne festivalen treffet mange andre artistar frå forskjellige land og høyrt på mykje forskjellig musikk. Desse musikkopplevingane gjer at eg verkeleg forstår kvifor ein seier at musikk er utan grenser. Ein treng ikkje å ha kultur og språk forståing for å kunne nyte god musikk.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar